To-meteren er den nye meteren

Regjeringa har innført strenge nasjonale tiltak som gjeld frå torsdag 25. mars til måndag 12. april. Time, Klepp og Hå hadde beredskapsmøte i ettermiddag, og kommuneoverlegane ber alle innbyggarar om å støtta lojalt opp om smitteverndugnaden. 


Mennesker må holde to meter avstand - Klikk for stort bilete 

 

Smittesituasjonen er ustabil i regionen. Sjølv om det kan vera lite smitte i nokre av kommunane på Jæren, kan situasjonen snu fort. Den britiske virusvarianten er hissigare og gir alvorlegare konsekvensar. Det er dermed svært viktig at alle tek råda og reglane på alvor. 

 

Dei nasjonale råda kort oppsummert: 

  • Hald to meter avstand i butikken, i køen eller der du møter folk  

  • Møt så få menneske som mogleg 

  • Maks to gjester i heimen, hytta eller hagen din 

  • Handla på kjøpesenter/varehus i heimkommunen din  

  • Alle arrangement bør avlysast  

  • Nasjonal skjenkestopp (regel)

 

Konsekvensar og status på Jæren

 

Symjebasseng 

  • Alle symjebasseng er stengde for offentleg bading 

  • Basseng held elles ope for symjeundervisning, organisert symjetrening for personar under 20 år, terapi og behandling, rehabilitering og opptrening. 

 

Bibliotek 

  • Biblioteka er opne, men dei fysiske arrangementa er avlyst. 

 

Kino og kulturhus 

  • Bryne kino held ope, men kan maks ha 20 gjester i kvar sal og 2 meter avstand mellom gjester som ikkje er i same husstand. 

  • Storstova kulturhus og Bryne Mølle held stengt. Alle arrangement er utsett/avlyst. 

 

Skule, barnehage, kulturskule 

  • Skular, barnehagar og kulturskulane følgjer eigne smittevernrettleiarar. (Her gjeld ikkje to-meterregelen).  

  • Opne barnehagar held stengt. 

 

Tilbod til barn, unge, eldre og sårbare grupper 

  • Alle kommunane prøver så langt dei kan å oppretthalda tilboda til barn, unge, eldre og sårbare grupper. Tilboda vert tilpassa dei nye smittevernreglane. 

 

Rådhusa 

  • Klepp rådhus er berre ope for dei med avtale.  

  • Dei andre rådhusa er opne for publikum, men dei aller fleste tilsette på rådhusa har heimekontor, og me oppfordrar alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon. 

 

Politiske møte 

  • Alle politiske møte vil gjennomførast digitalt i perioden. 

 

Camping og fritid 

  • Dei nasjonale råda for bruk av hytte og fritidsbustad gjeld også for camping. Men campingvognene står tett, så det er viktig at alle er nøye på to-meteren. Ikkje minst i serviceanlegga.  

 

Treningssenter 

  • Kan berre halda ope for innbyggarane i kommunen 

  • Kan også halda ope for dei som er busett i andre kommunar dersom dei skal nytta seg av rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør, individuell trening og behandling som det kan bestillast time til. 

 

Endringar kan skje raskt.

Det  er dermed nødvendig å følga med på www.ha.no og på www.helsenorge.no.