Til alle gode innbyggarar i Hå

Klikk for stort bileteI løpet av helga har ni håbuar fått påvist covid-19 smitte, og 34 er i karantene.

Kommuneoverlegen og teamet hennar har stått på heile helga for å spora smitte og registrera nærkontaktar. Det er eit nitidig arbeid, og dei har god kontroll.

Takka vere ansvarlege og hjelpsame innbyggarar, har arbeidet gått lettare. Spesielt takk til TINE Meierier for godt samarbeid.

 

Tenk smittevern i heimen

Etter ein lang periode med lite smitte i kommunen, sig alvoret inn over oss att. Viruset smittar lett, og ofte i sosiale samanhengar i heimen der me har lett for å senka skuldrer og beredskap.

Unge og eldre må stå saman i denne dugnaden.

Me må løfta i lag, og minna kvarandre på råda:

  • vask hendene
  • hugs på meteren
  • hald deg heime dersom du har symptom
  • test deg dersom du kjenner på noko

 

Unngå innstramming

Dersom smitten aukar stadig meir, kan me måtta vedta lokale påbod som avgrensar oss meir. Dette vil me i så fall gjera i samarbeid med regionen elles.

Men me ønsker oss ikkje dit - for me har lyst å gå på julekonsert og kino. Me har lyst å gå på arbeid og møta kollegaane våre. Me lengtar etter å kunna gi ein klem og eit godt handtrykk – ein vakker dag.

 

Takk for at du held ut

Takk for tolmodet ditt, gode håbu.  Me ber deg innstendig om å halda fram smitteverndugnaden - spesielt dei komande vekene.

Takk for at du hjelper til og løfter i lag.