Status på koronavaksinering i Hå per 3. februar

Bilde som viser eldre som får vaksine i Hå - Klikk for stort bileteVaksineringa er godt i gang, men det er ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra deg plass.

Det er framleis berre ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem. Me vaksinerer nå risikogruppene på tre ulike stader i kommunen. Fastlegane kallar inn personar i risikogruppa i tur og orden.

Når det blir aktuelt for å opna meir opp for større mengder vaksinering, vil det bli lagt ut informasjon om nettbestilling. Men det vil gå ei heil stund til før det er aktuelt. Du vil få beskjed når det er klart.

Det vil framgå tydeleg når det er behov for at du sjølv bestiller time. Det er dermed ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra deg plass.

For meir informasjon, sjå vår samleside med informasjon om koronavaksine