Status på koronavaksinering i Hå per 15. mars

Illustrasjonsbilde som viser mann som blir vaksinert - Klikk for stort bileteNærmare 1200 innbyggarar har fått første dose med koronavaksine.

  • Innbyggarar som har fått første dose: 1180
  • Innbyggarar som har fått andre dose: 658
  • Helsepersonell som har fått første dose: 556
  • Helsepersonell som har fått andre dose: 125

I løpet av denne veka vil det verta sett rundt 200 vaksinar, og då vil me stort sett vera i mål med vaksinering av alle over 80 år.

I utgangspunktet er målet at alle innbyggarar over 18 år skal vera vaksinerte seinast juni/juli. Nåverande vaksinestasjonar har samla kapasitet på 200 per dag, på sikt er tanken å gjennomføra massevaksinering i Vigrestad idrettshall.

Det er framleis berre ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem, og fastlegane kallar inn personar i risikogruppa i tur og orden.

Sjå nettsidene til FHI for oppdatert vaksinestatistikk

Når det blir aktuelt for å opna meir opp for større mengder vaksinering, vil det bli lagt ut informasjon om nettbestilling. Men det vil gå ei heil stund til før det er aktuelt. Du vil få beskjed når det er klart.

Det vil framgå tydeleg når det er behov for at du sjølv bestiller time. Det er dermed ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra deg plass.

Legekontora har oversikt over personar i risikogruppa, anten du har fastlege i Hå eller ikkje, og desse vil bli kontakta fortløpande.

For meir informasjon, sjå vår samleside med informasjon om koronavaksine