Sjukeheimane opnar opp for besøk

Klikk for stort bileteNå er det mogleg å besøka bebuarar ved Hå sjukeheim og Klokkarhagen sjukeheim – men alle må ta kontakt med avdelinga på førehand.

Hå kommune har følgt anbefalingane til Helsedirektoratet og har hatt generelt besøksforbod og åtgangskontroll på sjukeheimane sidan midten av mars. Berre kritisk sjuke har fått ta imot besøk. Dette har blitt gjort for å beskytta ei veldig sårbar gruppe. På grunn av desse tiltaka, som vart iverksette tidleg, har Hå kommune så langt ikkje hatt koronasmitte på sjukeheimane.

Siden smitten nå er under kontroll, opnar me opp for besøk. Det er likevel viktig at smittevernrutinane vert følgde, me må jobba vidare for å halda smitten ute.

Det er òg viktig å understreka at oppmjukinga kan medføra noko auka smittefare, og at det kan verta aktuelt å innskrenka moglegheitene til besøk igjen viss smittesituasjonen endrar seg.

Følgande reglar gjeld for besøk på sjukeheimane i Hå:

  • Pårørande skal ringa og avklara besøk med avdelinga på førehand. Då vil ein mellom anna få beskjed om kor mange som kan koma samtidig og kor lenge ein kan vera på besøk. Det vil bli gjort individuelle vurderingar av dei ulike avdelingane. Her finn du telefonnummer til alle avdelingane
  • Besøkande må vaska/sprita hendene før og etter besøket.
  • Besøkande bør så langt som mogleg prøva å halda minst 1 meters avstand til bebuarar og tilsette.
  • Alle besøkande må førast inn i besøksprotokollen for å letta arbeidet ved eventuell smittesporing.
  • Pårørande som har symptom med feber, sår hals eller hoste siste døgn, eller er i karantene, kan ikkje koma på besøk.