Retningslinjer for besøk ved sjukeheim og omsorgsbustad

Klikk for stort bilete

Nå kan me endeleg opna litt meir opp på sjukeheimane – men om du skal besøka bebuarar ved sjukeheim eller omsorgsbustad må du likevel ta kontakt med avdelinga på førehand.

Frå og med 24. februar har dei siste vaksinerte bebuarane oppnådd optimal beskyttelse etter andre dose med koronavaksine (to veker sidan dose to). Det betyr at dei er beskytta mot alvorleg sjukdom om dei skulle verta smitta av koronaviruset.

  • Besøkande må framleis avtala besøk med avdelinga, men sjukeheimane vil ikkje lenger ha faste besøkstider, i tillegg til at ordninga med besøksvert vert avvikla. Det vil òg vera mogleg å ha besøk i fellesareal så sant gjeldande råd om avstand kan overhaldast.
  • Vaksinerte bebuarar kan nå ha nærkontakt med eit avgrensa tal på uvaksinerte besøkande, dei same over tid. Talet på besøkande bør ikkje vera fleire enn det nasjonale/kommunale reglar tilseier – for tida 5 personar. Det er bebuaren sjølv som bestemmer kven som er deira nærmaste.
  • I tillegg kan bebuar ha nærkontakt viss både besøkande og bebuar er vaksinerte. Desse besøkande kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande bebuar sjølv har definert som sine nærmaste.
  • Enkelte sjukeheimsbebuarar vert ikkje vaksinerte. Dette kan skuldast at dei ikkje ønsker å verte vaksinerte eller at helsa deira er så dårleg at det ikkje vert anbefalt. Gode smittevernrutinar vert opprettheldte for å beskytta desse bebuarane.
  • Det vil framleis vera nødvendig å følga dei generelle råda om å ikkje koma på besøk om ein føler seg sjuk eller har luftvegssymptom, samt overhalda anbefaling om avstand og handhygiene i fellesareala.
  • Sjukeheimane må framleis vurdera behov for besøksstans dersom det kjem utbrot eller uavklarte situasjonar, sjølv om bebuarane er vaksinerte.
  • Merk at det er egne reglar for besøk ved kortidsavdelinga.

Råda er basert på anbefalingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.