Råd til deg som har vore i kommunar med særskilte reglar

Smittevernoverlegane på SUS og i 15 kommunar i Rogaland ber alle tilreisande frå kommunar med særskilte smittevernreglar om å vera spesielt merksame på symptom i dagane etter at dei kom til det aktuelle området.

Bilde av reagensrøyr og covid-19-test - Klikk for stort bilete 

I fleire område og kommunar i Norge har det blitt påvist eit mutert virus og mange har sett i verk strenge tiltak for å stoppa smittespreiinga.

Smittevernoverlegane i Suldal, Hjelmeland, Strand, Stavanger, Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Bjerkreim, Sokndal, Gjesdal, Sandnes, Eigersund og Lund kommunar ønsker å presisera og utvida anbefalingane og råd til det som har være på reise i aktuelle område.

Råda frå smittevernoverlegane er følgande: 

  • Me rår alle frå å reisa til området om det ikkje er strengt nødvendig. 
  • Me oppmodar alle som kjem tilbake til Rogaland om å vera ekstra varsame med kor mange du omgås med.  
  • Me anbefaler å unngå besøk til eldre og sårbare personar dei første 10 dagane etter at du er tilbake frå området. 
  • Me oppmodar alle som har vore i dei aktuelle kommunane om å vera spesielt merksame på om de utviklar korona-symptom.  
  • Sjølv lette symptom som nyleg oppstått hovudpine, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber må føra til at du testar deg og er i karantene til svar på testen ligg føre.
  • Har du i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i ein av desse kommunane, må du vise varsemd og ha låg terskel for å testa deg.
  • Du vert råda frå å gjennomføra besøk på sjukeheimar og omsorgsbustader dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunane. 

Dersom du allereie har testa deg utan symptom: 

  • Dersom du har testa deg utan å ha symptom etter å ha kome tilbake frå dette området bør du likevel følga råda om å vera varsam og følga godt med på eiga helse. Du må testa deg på ny dersom du får symptom. 

Korleis bestilla test?

Bestilling av koronatest gjer du på nettsida c19.no.

Logg inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.

Alternativt kan du ringa til legevakta for å bestilla tid for test:

Det er framleis luftvegslegevakta på Kleppe som utfører koronatestar. Ingen må møta opp utan avtale.

Testing skjer når du køyrer eller går inn i telt som er sett opp på den store parkeringsplassen mellom Sirkelen-bygget og Kleppetunet i Olav Hålandsveg 2 i Klepp. Følg skiltinga som viser kor du skal.

Har du blitt testa kan du logga inn på helsenorge.no for å sjå resultatet.