Ni nye smittetilfelle i Hå


Koronavirus nye smittetilfelle i Hå - Klikk for stort bilete 

Ni personar frå Hå fekk i går kveld (8. april) påvist smitte av covid-19.

 

Ein person er nærkontakt til eit tidlegare kjent smittetilfelle, medan dei åtte andre er knytta til kjent smitte i eit ungdomsmiljø i Hå.

 

Omlag 100 personar er sett i karantene. Ein klasse ved Tryggheim vidaregåande skule er sett i karantene, og har nå heimeundervisning.

 

- Situasjonen er krevande, men oversiktleg, seier fungerande kommuneoverlege i Hå, Anders Madsen.

 

Ikkje nødvendig å ringa

Det er viktig å presisera at det ikkje er snakk om smitte ved skulane. Smitten har dukka opp i eit uorganisert ungdomsmiljø i løpet av påsken.

- Kva skal folk gjera dersom dei trur dei kan ha vore i kontakt med nokre av desse som er smitta?

- Alle nærkontaktar blir kontakta direkte og får rettleiing på korleis dei skal forhalda seg. Det er ikkje nødvendig å ringa til kommunen eller til legekontoret. Alle aktuelle blir kontakta direkte, seier Madsen.

 

Avgrens den sosiale kontakten

Kommuneoverlegen har ei klar melding til både ungdommar og foreldre:

 

- Det er svært viktig at alle nå følger dei nasjonale råda om å avgrensa talet på nærkontaktar og å halda avstand.

 

Ordførar i Hå, Jonas Skrettingland, følger også situasjonen tett:

- Me går ei helg i møte. Slik smittesituasjonen er nå er det ekstra viktig at ungdommar er varsame og avgrenser den sosiale kontakten med andre.

 

Her finn du meir informasjon om koronaviruset og talet på smitta i Hå.