Nå skal alle elevane tilbake til skulane – men ikkje alle skal møta måndag morgon

Klikk for stort bilete

Alle elevar i 5.-10. klasse er velkomne tilbake til skulane sine i løpet av veke 20.

Torsdag 7. mai la regjeringa fram sin plan for vidare gjenopning av Noreg, med mellom anna konkrete datoar for skuleopning for mellomtrinnet og ungdomsskulen.

Alle skulane i Hå kommune er klare for å ønska alle elevar velkomne tilbake i løpet av den neste veka, men nokre skular treng litt tid – mellom anna for tilpassing av lokala sine.

På eit par skular startar alle elevane allereie måndag, men fleire stader vil det vera gradvis opning med eitt eller to trinn per dag. Det vil òg vera lokale variasjonar i kor lange skuledagane blir, og det er òg aktuelt med ein kombinasjon av skule og heimeskule.

Sjølv om fleire elevar skal tilbake til skulane, blir tilbodet for 1.-4. klasse uendra – både med tanke på vanleg skule og SFO.

Alle foreldre og elevar får meir detaljar om skuleoppstarten direkte frå sin skule.