Nå kan alle med symptom testast – men ring legen først

Klikk for stort bilete Cecilia Sandsmark Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet, startar kommunane nå testing av alle med mistanke om Covid-19. Mistanke vil framleis i hovudsak seia feber, hoste eller tung pust.

Information in English Information in Arabic العربية

Personar med milde symptom bør vera heime og sjå an forma i to dagar. Viss symptoma ikkje går over tar du kontakt med fastlege som vil vurdera om du skal testast på luftvegslegevakta.

På kveldstid og i helga, ring legevakta på 116 117. Ingen må møta opp utan avtale.

  • Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.
  • Er du alvorleg sjuk skal du framleis kontakta fastlege eller legevakt for helsehjelp.
  • Personar i risikogruppa kontaktar fastlege for vurdering av testing.

Den felles luftvegslegevakta i Klepp har god kapasitet dei nærmaste vekene, og har i det siste testa 60-80 personar til dagen. Kommunane (Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes) samarbeider om å auka bemanninga framover, i tråd med målet som myndigheitene har sett om å etter kvart testa fem prosent av befolkninga i veka i kvar kommune.
 
Det kan ta opptil tre døgn før svaret på ein korona-test er klar.

Les meir om kven som skal testast her