Me ønsker kontakt med ledig helsepersonell

Klikk for stort bileteHå kommune ønsker å koma i kontakt med helsepersonell og studentar som ikkje er i arbeid, og som vil melda seg til teneste. 

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men jobbar med noko anna? Er du heimeverande men har slik kompetanse? Då ønsker me at du gir oss ein lyd!

Dette gjeld legar, sjukepleiarar, helsesjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og andre med helsefagleg kompetanse. Me ønsker å få ei oversikt over kven som er tilgjengelege – så tek me direkte kontakt med deg ved behov.

Aktuelle tenester er i sjukeheim, omsorgssenter og heimebaserte og miljøterapeutiske tenester.

På førehand tusen takk for hjelpa!

 

Registrering av helsepersonell


Felt merka med * må fyllast ut

 

Les Hå kommune si personvernerklæring for informasjon rundt personvern og korleis desse opplysningane vil bli lagra og nytta av kommunen.