Luftvegslegevakt og koronatesting

Klikk for stort bilete Cecilia Sandsmark Her er det du treng vita om luftvegslegevakta, koronatesting og kor du skal henvenda deg.

Information in English المعلومات باللغة العربية

 

Felles luftvegslegevakt for Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå:

Kvardagar kl 08-15:

Sandnes legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Brannstasjonsveien 2, 4312 Sandnes

Kvardagar kl 15-23, helg og helgedagar 08-23:
Luftvegslegevakta i lokala til Klepp og Time legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Olav Hålands veg 2, 4352 Kleppe

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117 først.

Koronatesting:


Du treng ikkje ha henvisning frå lege for å bestilla covid 19-test.
Det er viktig at du følger dei til ein kvar tid gjeldande kriteria for testing før du bestiller time. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/testkriterier/

Bestilling av koronatest gjer du på nettsida www.c19.no.
Logg inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet, får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.

Alternativt kan du ringa legevakta for å bestilla tid for test:

  • Dagtid 08-15: ring 51 68 31 50
  • Kveld og helg: ring 51 42 99 99

Det er framleis luftvegslegevakta på Kleppe som utfører koronatestar. Ingen må møta opp utan avtale. Det er dessutan viktig at ein møter opp presis til den tida ein får tildelt, og ikkje lenge før. Det vil skapa unødig kø.

Testing skjer når du køyrer inn i telt som er sett opp på den store parkeringsplassen mellom Sirkelen-bygget og Kleppetunet i Olav Hålandsveg 2 i Klepp. Følg skiltinga som viser kor du skal køyra.

Ordinær legevakt:

På kveld og helg er det dei ordinære legevaktene i Sandnes og Hå som tek imot pasientar som ikkje har symptom frå luftvegane.

Hå legevakt undersøker innbyggarar frå Time og Hå. Sandnes legevakt undersøker innbyggarar frå Klepp, Sandnes og Gjesdal.t

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117.

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

  • Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
  • Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
  • Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

Du vil få beskjed om kvar du skal møta opp.