Siste nytt om koronavaksine

Første vaksinedose

Hå kommune tilbyr koronavaksine til alle innbyggarane i Hå. Alle som er fødde i 2003 eller er eldre, kan bestilla time.

Her bestiller du første vaksinedose

Andre vaksinedose

Du får tildelt tidspunkt for andre dose når du tek første dose. Alle som er sett opp til andre dose kan framskunda timen sin sjølv. (Det må gå minimum fire veker (28 dagar) mellom første og andre dose. Dei som ikkje vel time sjølv, vil verta automatisk framskunda.

NB! Ikkje ring, gjer endringa sjølv digitalt.
(Merk at eigenerklæringsskjemaet må fyllast ut på ny)
 

Her endrar du tid for andre vaksinedose

Tredje vaksinedose

Personar med alvorleg svekka immunforsvar får tilbod om ein tredje vaksinedose nå:

  • Organtransplanterte.
  • Beinmargstransplanterte (i løpet av siste to år).
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt.
  • Pasientar med alvorleg nyresvikt, eller som er i aktiv dialysebehandling.
  • Pasientar med avansert eller ubehandla hiv-infeksjon.
  • Kreftpasientar med aktiv eller nylig gjennomgått immundempande behandling.
  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak (sjå medisinliste).

Dersom du er i tvil om du skal ha tredje dose, kan du venta til sjukehuset tar kontakt med deg.

Her bestiller du tredje vaksinedose
 

Avlysa vaksinetimen?

Me oppmoder alle til å prioritera den tildelte vaksinetimen høgt. Dersom du har fått vaksine i annan kommune, eller blir sjuk og må avlysa vaksinetimen, send e-post til servicetorg@ha.kommune.no. Ver grei og opplys om tidspunkt for vaksinedosen din i e-posten.

 

Pfizer eller Moderna?

Mange som har fått Pfizer som 1. dose vil få Moderna som 2. dose. Det å kombinera vaksinar gir like god beskyttelse som å få begge dosane frå same produsent, og medfører heller ingen større risiko for alvorlege biverknadar. Me har lenge sagt at det ikkje går an å velga mellom å få Pfizer eller Moderna og har oppfordra til å ta den vaksinen du får tilbod om. For tida er det Moderna me har tilgang på, og nokre har då valt å avbestilla timen fordi dei ønsker Pfizer. Me vil framover få nokre få restdosar av Pfizer. Har du eit sterkt ønske om å få Pfizer, kan du skriva deg opp på denne lista. Førstemann til mølla får tildelt time. 

Felt merka med * må fyllast ut

16- og 17-åringar

Er du elev ved Tryggheim, Øksnevad eller Bryne vidaregåande skule, vil du få tilbod (og meir info) om vaksine der. Er du elev ved ein annan vidaregåandeskule, eller ikkje under utdanning, kan du registrera deg og bestilla time her: www.ha.no/vaksine. Hugs å ta med samtykkeskjema (PDF, 104 kB) frå begge føresette når du skal vaksinera deg, dersom du ikkje har fylt 16 år.

12 til 15-åringar

Det vil bli gitt tilbod om vaksine til denne aldersgruppa i regi av skulane.

Har du feil i koronapasset ditt?

Folkehelseinstituttet ber alle sjekka om opplysningane i koronasertifikatet er riktige. Hvis du oppdagar feil, kan du melda dei inn i dette skjemaet, så vil me sjekka det opp:

Meld inn feil i koronapass

For meir informasjon om koronavaksinen, sjå helsenorge.no og nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Information about the vaccine in English and other languages