Kor mange kan me vera samla til årsmøte? Og kva med bryllaup?

Illustrasjonsbilde korona og spørsmål - Klikk for stort bileteFrå og med 25. mars er det strengare nasjonale tiltak i heile landet – også i Hå.

På grunn av smittesituasjonen i Noreg, har regjeringa innført strengare nasjonale tiltak. Sjå heile oversikta på nettsidene til helsenorge.no

Her er nokre av dei nasjonale anbefalingane og reglane som gjeld frå og med 25. mars:

  • Éin-meteren blir til to-meteren. Du bør frå nå av halda minst to meters avstand til dei som du hittil har heldt minst éin meters avstand til.
  • Alle bør avgrensa sosial kontakt. Ha få kontakter og dei same over tid. Anbefalinga er å ikkje ha besøk av fleire enn to gjester i tillegg til dei som allereie bur saman.
  • Regjeringa anbefaler bruk av munnbind på alle plassar der det ikkje er mogleg å halda to meters avstand, og anbefaler folk å berre nytta seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Det er forbod mot alkoholskjenking over heile landet.
  • Medlemsmøte, årsmøte og liknande vert framleis rekna som arrangement. Reglane for arrangement på offentleg stad er forskriftsfesta, og brot på reglane kan verta straffeforfølgde om dei ikkje vert overhaldne. Derfor er det viktig å setja deg godt inn i reglane når du planlegg eit arrangement.
  • På eit innandørs arrangement på offentleg stad, utan faste, tilviste sitjeplassar, kan du ha maksimalt 10 deltakarar til stades.
  • På eit innandørs arrangement på offentleg stad, med faste, tilviste sitjeplassar, kan du ha maksimalt 20 deltakarar til stades.
  • Folkehelseinstituttet utdjupar mellom anna definisjonen av «faste, tilviste plasser» som at plassane bør vera plasserte slik at ansikt-til-ansikt-kontakt blir unngått. Det blir òg understreka at publikum berre må delta som tilskodarar utan å vera aktive i sjølve arrangementet. Sidan årsmøte og liknande er i større grad ei samling med interaksjon mellom deltakarar, kan dette ikkje gå inn under definisjonen «faste, tilviste plasser». Dermed kan du altså ha maksimalt 10 personar til stades på mellom anna årsmøte, foreldremøte, kurs og konferansar. Sjå meir detaljert forklaring på nettsidene til FHI
  • I tillegg er det ganske mange krav til gjennomføring av arrangement, som mellom anna krav til avstand, ansvarleg arrangør og deltakarliste. Den fullstendige kravlista for arrangørar finn du på helsenorge.no
  • For til dømes bryllaup, konfirmasjon og barnedåp er det ulike reglar for sjølve seremonien og festen/selskapet etterpå. Under seremonien kan det vera inntil 20 personar til stades om alle sit på faste, tilviste plassar og har minst ein meters avstand til dei som ikkje er i same husstand. Festen etter seremonien vert derimot rekna som ein privat samankomst, der det maksimale talet er inntil ti personar. Les meir om ulike arrangement på nettsidene til regjeringa
  • Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg.

  • Hugs å halda deg heime og unngå kontakt med andre medan du ventar på å testa deg.

Les meir på vår samleside med informasjon om koronaviruset