Klart for trygg oppstart av småskulen

Måndag 27.april kan me ønska elevane på 1.-4. trinn hjarteleg velkomne tilbake på skulen. Her blir dei møtt av godt førebudd personale som gler seg til å sjå alle igjen.

Klikk for stort bilete 

På skulane vil det vera spesielt fokus på å:

  • vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald
  • vaska utstyr jamleg, til dømes nettbrett
  • vera ekstra mykje ute med elevane, i vanlege skuletimar og på SFO
  • ha undervisning og samlingar i mindre grupper
  • halda god avstand til kvarandre

Her er rettleiaren for smittevern i barneskulen

- Me gler oss til å ta imot elevane. Skuledagen vil bli noko annleis, men alle som jobbar ved skulane skal følgja med på at elevane har det bra, seier skulesjef i Hå, Trond Egil Sunde.

- Viktig at foreldra følgjer opp

Skulane samarbeider tett med kommuneoverlegane i samband med gjenopninga.

- Nylege undersøkingar i Norden viser at barn vert smitta i betydeleg mindre grad enn vaksne. Island har testa eit stort utval av befolkninga, og ingen tilfelle blant barn 0-9 år vart påviste, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.

- På verdsbasis er det ingen rapporterte tilfelle av smitteutbrot blant barn i barnehagar eller skular, heller ikkje i dei landa som har hatt barnehagar og skular opne. Skulane er gode arenaer for å gi ungane kunnskap og hjelp til å fylgja tilrådinger for hygiene. Det er viktig at foreldra hjelper skulane i å fylgja opp dei gode tiltaka som no føreligg.

- Den nasjonale rettleiinga er god og konkret, seier Pamela Sudmann, skulesjef i Time.

- Mykje uteskule

- Det vert mykje uteskule, og skulane har lagt gode planar. Elevane kjem til å få eit godt tilbod, sjølv om dagane ikkje vert heilt slik som dei er til vanleg.

- Skuleungane vil bli tekne imot utandørs, og me ber om at foreldre ikkje blir med inn i skulebygget. Born eller føresette som kjenner seg sjuke skal ikkje komma til skulen, seier Hilde Siira, skulesjef i Gjesdal.

- Skulane opnar no gradvis. Elevar og tilsette har fått god informasjon, kunnskap og rettleiing om kva omsyn det er viktig å ta for å ha godt smittevern i skulen. Det er trygt å sende borna på skulen og det er trygt for tilsette å gå på jobb, seier Jan Harald Forsmo, skulesjef i Klepp kommune.

Meir informasjon om oppstarten kjem direkte frå kvar enkelt skule.

Her finn du informasjon om oppstarten av barneskulen på arabisk