Jærkommunane forlengar rulleforbod og oppfordrar innbyggarane til å vera forsiktige

Illustrasjonsbilde korona og avstand - Klikk for stort bileteKlepp, Time, Hå og Gjesdal held fram på gjenopningstrinn 3, men minner om at pandemien ikkje er over. Rogaland har for tida det høgaste smittetrykket i landet og står nå for ein fjerdedel av alle smittetilfelle i Noreg.

Den siste tida har det vore stigande smittetal her i regionen. Det er derfor viktig at folk er oppmerksame og følger dei grunnleggande smittevernreglane (avstand, handhygiene, halda seg heime om ein er sjuk, testing ved symptom), sjølv om det stort sett er yngre folk som har testa positivt dei siste vekene, og med kjent smitteveg.

Mellom anna er det rundt 250 personar i karantene i Hå akkurat nå. Det påverkar samfunnet og medfører stort press på dei som jobbar med smittesporing.

Forbodet mot rulling med russekøyretøy har hatt effekt. I tråd med kommunane på Nord-Jæren har også kommunane på Jæren vedtatt å forlenga rulleforbodet til og med sundag 11. juli.

Time kommune vidarefører skjenkestopp klokka 24.00 til og med måndag 5. juli kl 12.00.

– Me har god dialog med Bryne næringsforening og skjenkestadane i Time, og er glade for at bransjen har gode rutinar for smittevern. På bakgrunn i smittesituasjonen i regionen vår har me valt å forlenga forskrift om skjenkestopp klokka 24.00 i ei veke, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Elles held alle fire kommunane fram med reglar og anbefalingar på nasjonalt nivå.