Jærkommunane følger nasjonal gjenopning

Illustrasjon koronavirus - Klikk for stort bileteKlepp, Time, Hå og Gjesdal følger nasjonalt nivå og går til gjenopningstrinn 2 frå torsdag 27. mai.

Dette inneber blant anna at skular og barnehagar går til grønt nivå i den såkalla trafikklysmodellen. Meir informasjon kjem frå den enkelte skulen/barnehagen. 

Sjølv om me er på grønt nivå kan det ved behov komma innskjerpingar på ein enkelt skule eller barnehage ved smittetilfelle der.

Kampar i barne- og ungdomsidretten 

I barne- og ungdomsidretten er hovudregelen fortsatt at lag ikkje kan spela kampar mot lag frå andre kommunar, men regjeringa opnar for at dette skal vera mogleg i enkelte tilfelle. I dei fire kommunane på Jæren vil derfor følgande anbefaling vera gjeldande frå og med 27. mai:

Eit lag kan berre spela kamp mot lag frå nabokommune dersom eit av følgande punkt gjeld for minst eit av laga som spelar:

  • Det er ikkje andre lag i kommunen som laget kan spela mot.

Eller

  • Det er andre lag i kommunen, men nivåforskjellen er så stor at det ikkje er hensiktsmessig å spela mot dei. 

Desse unntaka vil nok vera mest relevante for lag frå Gjesdal, men også for enkelte lag i dei andre kommunane. Det er klubbane sjølv som må vurdera om dei har lag som vert omfatta av dette. 

Nabokommunar er kommunar som grenser til kvarandre. Ein kan derfor ikkje reisa gjennom fleire kommunar for å spele slike kampar. 

Meir informasjon

Her finn du regjeringa sin gjenopningsplan

Rettleiingar for smittevern i skule og barnehage