Jæren følger dagens nasjonale tiltak

Time, Klepp, Hå og Gjesdal har i dag beslutta å gå tilbake til at det er dei nasjonale tiltaka som skal gjelda i dei fire kommunane frå og med tysdag 20. april.

Koronaviruset - Klikk for stort bilete 

 

- Det har vore ei god utvikling den siste veka. Me har færre smittetilfelle, og svært få tilfelle der det er ukjent smittekjelde. Dette gjer at me har betre kontroll og oversikt over situasjonen enn me hadde for ei veke sidan. Det er fortsatt viktig at me alle tek smitteverntiltaka på alvor, og på den måten bidrar til at den gode utviklinga held fram, seier fungerande kommuneoverlege i Hå, Anders G. Madsen, på vegne av dei fire kommunane.

Kommuneoverlegane i dei fire kommunane vurderer no at det ikkje er nødvendig med strengare lokale tiltak på Jæren.

Den midlertidige stoppen i arrangement og fritidsaktiviteter for barn og unge som Hå kommune hadde sist veke, vert dermed ikkje forlenga.

Dei viktigaste nasjonale tiltaka er kort oppsummert slik:

  • Hald ein meter avstand
  • Avgrens talet på sosiale kontaktar
  • Maks fem gjester i heimen, hytta eller hagen din
  • Skjenking er tillatt saman med matservering fram til kl 22.
  • Alle arrangement som samlar folk på tvers av kommunar bør utsetjast eller avlysast.