Her er råda som gjeld for vinterferien

Illustrasjonsfoto med person som har på skihjelm og munnbind - Klikk for stort bileteDet har vore lite korona på Jæren i det siste, og for kvar veke som går blir fleire vaksinerte. Men pandemien har ennå ikkje sleppt taket på landet vårt. Her er kommuneoverlegane sine viktigaste råd inn mot vinterferien.

«I samband med juleferien såg me ei auke i talet på smitta, truleg grunna reising og meir sosial aktivitet enn elles. Ein slik auke ønsker me ikkje å sjå igjen etter vinterferien», seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå. Ho oppmodar folk til å følga smittevernråda som myndigheitene har laga for vinterferien.  

«Noko av det viktigaste er rådet om å ikkje reisa utanlands», seier Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp. «Faren for importsmitte er høg». 

«Å begrensa antal personar du har kontakt med i vinterferien er eit godt førebyggande tiltak», seier kommuneoverlegen i Gjesdal, Hans Petter Torvik. «Ver helst i lag utandørs, og ta ekstra omsyn til personar i risikogruppa».

«Du kan reisa på hytta eller på hotell i Noreg. Unngå kollektivtransport, og pass ekstra godt på avstand og hygiene viss du skal ha overnattingsbesøk på hytta eller heime», seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Set deg inn i og følg smittevernreglane som gjeld dit du skal. Alle må vera førebudde på å endra planane for vinterferien viss det kjem lokale utbrot der du bur eller der du skal reisa. Då vil det kunna komma nye lokale råd og regler. 

På Helsenorge si nettside finn du alle råda, og gode tips til aktivitetar i vinterferien, også for dei som held seg heime. Kva med å testa ut ein ny take-away, ta opp igjen ein gammal hobby eller ganske enkelt å komma seg ut og nyta dagslyset og at det går mot vår?

Les meir om vinterferie på helsenorge.no