Hå følger dei nasjonale reglane for skjenking av alkohol

Frå 27.1. er det dei nasjonale reglane for skjenking av alkohol som gjeld i Hå.

Klikk for stort bilete 

I beredskapsmøte onsdag 27. januar vedtok Klepp og Hå kommune å opna for skjenking av alkohol saman med mat, i tråd med den nasjonale forskrifta. 

Grunngjevinga er at den lokale smittesituasjonen har endra seg til det betre, og at risikonivået er lågare.

 

Alkoholservering saman med mat

Det er viktig å presisera at dei nasjonale reglane inneber at det nå blir tillate å servera alkohol saman med mat.

Det tyder ar kvar enkelt gjest må bestilla mat dersom dei skal få servert alkohol. Det held ikkje at kun ein av gjestene i ei gruppe på for eksempel fire personar, bestiller mat.

 

Oppsummert gjeld desse retningslinjene for skjenkestadene:

  • Servering av alkohol kun til dei som får servert mat.
  • Skjenkestopp ved midnatt, ikkje sleppa inn gjester etter kl. 22.00.
  • Minst 1 meters avstand mellom gjester utanfor same husstand.
  • Sitjeplassar for alle gjester, kun bordservering av alkohol.
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.

 

Lenke til covid-19-forskriften kapittel 5, § 14A: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-27-470#KAPITTEL_5