Enklare bestilling av koronatest

No kan du som bur i Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå bestilla koronatest sjølv på nettet.Klikk for stort bilete 

På denne måten kan du bestilla testing utan å kontakta legevakta først. Det betyr at du slepp å venta på å komma gjennom på telefon, samtidig som legevakta får færre telefonar og dermed får meir tid til anna drift.  
 

Kor bestiller du?

Bestilling av koronatest gjer du på nettstaden www.c19.no.
Her må du først logga inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryssa av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.
 

Kven skal testast?

Det er viktig at du følger dei til ein kvar tid gjeldande kriteria for testing før du bestiller time.

Her er testkriteriene

 

Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå tok i bruk bestillingsløysinga onsdag morgon, 9. september. Løysinga er utvikla av Kristiansund kommune.