Elleve nye smittetilfelle

I løpet av fredag kveld (9.4.) har elleve personar busett i Hå fått påvist covid-19.

Klikk for stort bilete  

Alle saman er knytta til allereie kjent smitte i kommunen. Ti er knytta til ungdomsmiljøet, og ein er knytta til eit anna smittetilfelle. 

Mange av smittetilfella frå i går og i dag i ungdomsmiljøet har felles nærkontaktar, og dermed er det fleire som allereie er i karantene. 

 

To klassar ved Nærbø ungdomsskule blir sett i karantene. Dei aktuelle foreldra og elevar vil få nærare beskjed.

 

Her finn du meir informasjon om koronaviruset og talet på smitta i Hå.