Eitt nytt smittetilfelle i Hå

Ein person busett i Hå fekk i dag påvist covid-19. Håbuen er tilsett ved Hå sjukeheim. Fem tilsette og fem bebuarar ved same avdeling er dermed sett i karantene.

Oppfordrer til munnbindbruk på tog - Klikk for stort bilete 

 

Den tilsette var på jobb tysdag, onsdag og torsdag i sist veke, og fekk symptom fredag. Smittekjelda er ukjent. Personen er ikkje tilknytta det aktuelle ungdomsmiljøet som har hatt fleire smittetilfelle dei siste dagane.

- Det er ei avgrensa mengde nærkontaktar i dette tilfellet, og situasjonen er dermed oversiktleg, seier fungerande kommuneoverlege Anders Madsen.

Det vil foreløpig ikkje bli nokre endringar i besøksrutinane ved Hå sjukeheim.

 

Ungdomsmiljøet

Smittesporingsteamet har jobba gjennom helga med å kartlegga og orientera alle nærkontaktane til dei smitta ungdommane. Så langt i løpet av sundagen har det ikkje kome fleire positive testar.

- Men det er fyrst om ei veke når nærkontaktane har fått testa seg for andre gong, at me vil få sjå heile omfanget av situasjonen. Det er dermed svært viktig at alle held karantenereglane og smittevernreglane generelt,  seier Madsen.  

 

Munnbind

I veka som kjem vil det vera nødvendig at håbuen er ekstra observant på smittevernreglane og -anbefalingane. Mange skuleungdommar skal reisa med toget til og frå skulen, og ordførar Jonas Skrettingland har ei klar oppmoding til alle om å følgja dei nasjonale anbefalingane om avstand og munnbindbruk:

- Bruk munnbind når du reiser med toget og ikkje klarer å halda to meter avstand. På dei travlaste avgangane er det mange som står tett, og då er det nødvendig å nytta munnbind, seier Skrettingland.

 

Koronatelefon

Hå kommune har oppretta ein koronatelefon tlf 916 64 225, for dei som er i isolasjon eller karantene og har oppfølgande spørsmål.