Det er naturleg å vera bekymra

Klikk for stort bileteKoronasmitten og smitteverntiltaka som er iverksette angår oss alle. Tiltaka snur opp ned på kvardagen, og mange av oss kjenner på bekymring, uro og stress.

Ei god nyheit: Det er normalt å reagera på dette! Situasjonen er ny, skremmande og heilt uvand for oss – ein unormal situasjon gir mange ulike reaksjonar. Det er normalt. 

Det er vondt å vera uroleg og redd. Det merkast på kroppen og går igjen i tankane og kjenslene våre. Me søv kanskje dårlegare, er urolege og anspente, og me toler gjerne mindre av dei me har kring oss. 

Mange møter seg sjølv med irritasjon når dei har det vanskeleg, nokre har lett for å seia til seg sjølv at «eg må ta meg saman!». Prøv å ha omsorg for deg sjølv i denne situasjonen. Kva ville du sagt til ein ven som fortalde deg at han var redd? Korleis ville du møtt ein du er glad i om han sa at han hadde det vanskeleg?

Kva kan du gjera for å legga ein trøystande arm rundt deg sjølv? 

Hugs at dette går over! Denne situasjonen kjem ikkje til å vara evig, heldigvis! Me veit ikkje kor lenge den vil vare, men me veit at det vil gå over. Utfordringa er å takla situasjonen så lenge den står på. Her kjem nokre råd som kan hjelpa deg nå: 

1. Rutiner, søvn og kosthald

2. «Loft vede» og bruk kroppen

3. Bekymring og mestring

4. For lite eller for mykje kontakt med andre

5. Spør om hjelp, tilby hjelp

6. Søk hjelp om bekymringane tek overhand

1. Rutiner, søvn og kosthald

  • Prøv å halda god døgnrytme, stå opp til same tid kvar dag. Rutiner gir tryggleik. Ein dagsplan med aktivitetar og faste måltid kan bidra til struktur og forutsigbarhet i ein ustrukturert ny kvardag. 
  • La det vera skilnad på kvardag og helg, både i høve til rutinar og kosthald.
  • Ver forsiktig med alkohol, det kan vera lett å bruka alkohol til å dempa bekymring og uro. Dessverre forsterkar det ofte plagene fordi alkohol svekker vår psykologiske motstandskraft, og har andre negative konsekvenser i tillegg. 

2. «Loft vede» og bruk kroppen

  • Beveg kroppen, få frisk luft og dagslys. Gå ein tur. Det dempar uro i både kropp og hovud, og gjer det lettare å sovna om kvelden. I tillegg kan du få fine naturopplevingar, det er i ferd med å bli vår på Jæren – vibå er komen og gåsungane sprett ut. «Hevdalukt» og vind kan bidra til å halda oss i nåtid, og begrensa bekymringar for framtida.
  • Om du er i karantene eller av andre grunnar ikkje kan gå ut; beveg deg inne.  Søk på Youtube etter yoga, styrketrening eller dans.

3. Bekymring og mestring

  • Hald deg oppdatert, set deg inn i myndigheitene sine anbefalingar, til dømes på kommunen sine sider, helsenorge.no eller nrk.no. Begrens tida du brukar på dette til for eksempel ti minutt dagleg.
  • Avgrens tid med nyheiter om pandemien. Hugs at ein del aviser lever av «klikk» og lagar overskrifter som kan overdriva og forvrenga situasjonen for å trekka til seg lesarar. 
  • Bekymring klarer vi ikkje å flykta frå, men me kan kanskje avgrensa kor mykje av tida den fyller tankane våre. Lag deg friminutt fra bekymringane, distraher deg med noko kjekt, Netflix, kryssord, spel, bøker, podkast, radio, handarbeid. 
  • Innfør gjerne fast «bekymringstid» for å prøva å kontrollera når du skal bekymra deg. Vis til denne tida kvar gong tankane byrjar å kretsa rundt bekymringa. For nokre kan det hjelpa å ha fastsett tid og stad til bekymring – for eksempel kvar ettermiddag 16.00-16.30 i ein fast stol i stova.

4. For lite eller for mykje kontakt med andre

  • Det er mogleg å motverka einsemd sjølv om me sit åleine og adskilt frå andre – me kan vera sosiale sjølv om me ikkje møter folk fysisk. Ta ein telefon, send ei melding, chat eller bruk Facetime/Skype. 
  • For nokre er situasjonen nå motsett – for mykje tid saman med andre. Prøv å laga pauser der du kan vera i fred, avtal med dei rundt deg tidspunkt for eiga tid.
  • Ver raus med deg sjølv og med andre, ver overberande overfor at me alle kan oppføra oss på uønska måtar i denne situasjonen. 

5. Spør om hjelp, tilby hjelp

  • Me har alle har behov for å vera til nytte for andre, og me har alle behov for støtte innimellom. Snakk med familie eller vener om du treng støtte, og undersøk om det er nokon du kan hjelpa. Det er bra for oss alle både å gje og få omsorg og hjelp.
  • Hå kommune har laga to nettskjema for deg som er innbyggar i kommunen:

    • I det eine kan du legga inn ønske om hjelp til mellom anna innkjøp av mat, transport eller andre praktiske oppgåver. Ikkje ver redd for å melda frå!

    • I det andre kan du melda deg til å vera med på dugnad. Kanskje kan du levera mat til nokon som er i karantene eller isolasjon? Kanskje vert det meir behov for barnepass framover? Er det nokon som kan tenka seg å dela ut informasjon til sårbare grupper?

6. Søk hjelp om bekymringane tek overhand

Hjelpelinjene er opne om du treng nokon å snakke med. Her kan du søka hjelp: