Bruk munnbind på offentleg transport

Hald deg mest mogleg heime, begrens talet på nærkontaktar, og bruk munnbind på offentleg transport, er bodskapen frå kommuneoverlegane på Jæren.

Klikk for stort bilete 

​​​​​​Kommuneoverlegane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal ber folk om å følga dei nye smitteverntiltaka som regjeringa innførte førre veke. Sjølv om det ikkje vert innført lokale påbod i dei fire kommunane i denne omgang, oppmodar dei alle om å bruka munnbind på offentleg transport:

- Slik situasjonen er nå anbefaler me å bruka munnbind på offentleg transport, og ved reiser med taxi. Dette er spesielt viktig i situasjonar der ein ikkje klarar å halda ein meter avstand til andre, for eksempel slik det kan vera i rushtida, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy Omland.

Ho presiserer at anbefalinga ikkje gjeld barn under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruka munnbind. Anbefalinga om å bruka munnbind gjeld heller ikkje for ungdomsskuleelevar som har skuleskyss til/frå skulen. Barn under 2 år skal ikkje under nokon omstendigheiter bruka munnbind.

Anbefalinga gjeld frå 10 .november.

Følg dei nasjonale smittevernreglane
Sjølv om kommuneoverlegane nå anbefalar bruk av munnbind på offentleg transport, er det ikkje aktuelt med lokale påbod:

- Regjeringa har innført kraftige tiltak, og det er viktig at alle på Jæren følger dei smittevernreglane som gjeld no. Hald deg mest mogleg heime og begrens antall nærkontaktar. Når du er utanfor heimen skal du halda avstand til andre. Om me klarer å halda nede smittetalla her på Jæren, slepp me å setta inn lokale påbod, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.

Kommuneoverlege i Klepp, Roman Benz, understrekar at dei har tett dialog med dei større kommunane i regionen som allereie har innført lokale påbod:

- Me har god dialog med kommunane på Nord-Jæren, og me vil sjølvsagt setta inn liknande påbod om det vert nødvendig her også. Slik smittesituasjonen er i våre kommunar vurderer me at det viktigaste innbyggarane på Jæren kan gjera, er å følga  dei nasjonale reglane for smittevern og i tillegg bruka munnbind på offentleg transport, seier han.

Samanlikna med Nord-Jæren er det ikkje like mykje smitte i dei fire kommunane, og behovet for lokale påbod er derfor ikkje like stort:

- Smittetrykket i Time, Klepp, Hå og Gjesdal er lågare enn det me i dag ser i byane på Nord-Jæren, og det er derfor ikkje det same behovet for lokale påbod. I tida framover er det viktig at alle har fokus på smittevern, og at me saman gjer det me kan for å begrensa smitten, seier kommuneoverlege i Gjesdal, Hans Petter Torvik.

Her kan du sjå korleis ein anbefalar at du bruker munnbind: