Åtvaring mot falske smittesporarar

Kommunane på Jæren har blitt varsla om at folk som utgjer seg for å vera smittesporarar tar kontakt via telefon og ber om pengar og personopplysningar.

Klikk for stort bilete 

- Kommunale smittesporarar vil aldri be om kontonummer eller betaling. Smittesporing er ein tillitsbasert aktivitet, og det er fortvilande at enkelte utnyttar ein slik sårbar situasjon til forsøk på eigen vinning, seier Wendy Karin Finnerud, kommunalsjef helse og velferd i Klepp kommune.

Ved behov for smittesporing, er det om å gjera å komma raskast mogleg i kontakt med personar som kan ha blitt eksponerte for covid-19. Derfor skjer smittesporing over telefon. Kommunanes smittesporingsteam har ingen moglegheit for å oppsøka personar fysisk, for på den måten å kunna identifisare seg.

Men ein ekte smittesporar har ikkje behov for informasjon om til dømes bankkonto, kredittkortopplysningar eller tilsvarande.

Opplever du å få ein falsk smittesporar på tråden, avslutt samtalen, noter telefonnummeret og ta kontakt med politiet på telefon, eller meld det inn via politiet sin nettpatrulje på messenger.

Falske smittesporarar er eit kjent fenomen frå andre delar av landet tidlegare i haust.