Anbefaler bruk av munnbind på offentleg transport

Time, Klepp, Hå og Gjesdal anbefaler bruk av munnbind ved reiser med taxi og offentleg transport, der ein ikkje kan halda ein meter avstand.

bilde av to ansiktsmasker i  - Klikk for stort bilete 

Smitten er på veg opp, og skuldrene på veg ned. Kommuneoverlegane har ei klar oppmoding til innbyggarane:

Smittetala viser at pandemien ikkje er ferdig ennå. Me anbefaler derfor å bruka munnbind ved reiser med kollektiv transport og taxi, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Anbefalinga kjem i samband med at kommunane på Nord-Jæren har innført forskrift om munnbind.