Viktig melding

Lukk meldinga

Turar i Hå

Hå kommune byr på turar i eit ope og variert kulturlandskap, med strender, hei og skogar. Her er nokre forslag til kjekke turar.

Nærturar

I Hå kommune er det merka 6 nærturar. Felles for desse er at dei har ein av togstasjonene på Nærbø, Varhaug, Vigrestad eller Sirevåg som utgangspunkt. 

Jæren Turlag, Hå, Time, Klepp og Gjesdal kommune samarbeidar om å tilby nærturar med turleiar.

 Gåturar

Dagsturhytta Tvitjørn

Dagsturhytta i Hå er plassert på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovedveg, sørvest for Tvitjørn. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ogna skule og tek cirka 40 minutt å gå kvar veg.

Du finn meir informasjon om dagsturhytta her.

Hundamyrå - Vatnamot

Merka tur

ca 3 km lang

Parkering ved Holmane skule

Sveineskogen

Tur på grusveg i fint skogsterreng.
Det er mange fine vegar og småstiar på kryss og tvers i skogen.
Lengde ytre løype: ca 3 km

Hårr til Madland hamn

Merka løype

Lengde: 3km

Kongevegen, Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard

Langs Jærkysten kan du følgja tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år. Spor av den forhistoriske holvegen og den historiske Kongevegen frå 1600-tallet følgjer delvis turstien som har fått namnet "Kongevegen", som går frå Nærland til Sirevåg. Fleire av dei gamle spora er framleis synlege. Strandsonen med Kongevegen er svært rik på kulturminne og heile området er landskapsvernområde. Frå Hå gamle prestegard til Kvassheim er turstien merka som kystveg med blå staker. Mange startar med strekninga Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard. 14 turstrekningar med kart finn du i Kongevegen i Hå. Turhåndbok av Hanne Thomsen (Hå kommune, 2005), som er digitalisert av Nasjonalbiblioteket.  Boka er framleis til sals på Hå gamle prestegard og på Hå rådhus.

Bilde av lite kapell med sol i bakgrunnen. Foto. - Klikk for stort bilete
Bilde av naust, himmel og hav. Foto. - Klikk for stort bilete
Bilde som viser sti ved rullesteinsstrand. Foto. - Klikk for stort bilete
Smøråsen og Grønåsen på Ogna

Merka løype
Lengde: 5,5 km
 

Borgåsen på Ogna

Merka løype
Lengde: 2,5 km
Parkering ved Ognatun eller utanfor bom ved Helgå hyttefelt

Matningsdal - Homse - Herredsvela

Umerka løype

Lengde: 7 km

Prestavegen - Vatnamot til Ogna

Merka tur frå Holmane skule til Vatnamot, vidare på umerka sti til Sørskog og vidare til Ogna

Lengde: 8 km

Vandavatn - Steinkjerringa - Gauleksvarden

Merka tur til Steinkjerringa og Gauleksvarden

Lengde: 7 km

Hettua

Merka tur frå Holmane skule til Vatnamot, vidare på umerka sti

Lengde: 5 km (tur-retur)

Bilde som viser sol over eit vatn. Foto. - Klikk for stort bilete
Skilt som viser retninga til ulike turmål. Foto. - Klikk for stort bilete
Skulpturen Steinkjerringa. Foto. - Klikk for stort bilete
Ogna til Moifjellet (Bjerkreimsendaren)

Umerka tur

Lengde: 25 km

Sjå turane på kartet

NB! På mobiltelefon fungerer desse karta best om du held telefonen horisontalt/liggande.

Turforslag på sykkel

Sykkeltur i Hå

Sykkelturen gjennom Hå byr på naturopplevingar i eit ope og variert landskap; frå langstrakte marker og heier dekt i gras og lyng, forbi levande landbruk med kyr og sauer, til vakre strender med surfing og badeliv.

Jærruta

14 mil på koselege vegar i ope landskap. Jærruta er ein sykkeltur for heile familien. Ruta går frå Sola til Eigersund gjennom kommunane Klepp, Time og Hå. Det er lagt opp til fire etappar med tre overnattingar. Det finst også fleire avstikkarar på vegen.

Jærruta

Andre ressursar: