Alle arrangement for barn og ungdom bør avlysast

På grunn av smittesituasjonen, er det ei klar anbefaling frå Hå kommune at alle arrangement for barn og unge blir avlyst frå og med i dag til og med måndag 19. april.  

Grunnen er den pågåande smitteutviklinga i ungdomsmiljøet i Hå. Eit miljø som strekk seg over heile kommunen.

- Det er særs viktig at ungdommar avgrenser kontakten med andre ei tid framover. Det vil vera nødvendig for å avgrensa smitteutviklinga, seier fungerande kommuneoverlege, Anders Madsen.

 

Over 200 i karantene

Over 200 personar er nå i karantene som følge av dette smitteutbrotet. I tillegg kjem elevar og klassar som er sett i karantene ved både Tryggheim vidaregåande skule (3 klassar), Tryggheim ungdomsskule (1 klasse) og Nærbø ungdomsskule (2 klassar).

Smittesporingsteamet arbeider på spreng. Når så mange personar skal kontaktast tek det litt tid før dei får ta kontakt med alle, men alle involverte skal få beskjed.