Lindring i HåLindring i Hå er eit tilbod til deg som er alvorleg og uhelbredeleg sjuk, og dine pårørande. Me gjer også oppfølging til deg som er i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Me er 3 sjukepleiarar med vidareutdanning som arbeider for å støtta og hjelpe i ein vanskeleg livssituasjon. Lindring i Hå er i staden for, eller som eit supplement til heimesjukepleie. Me kartlegger dine behov og ynskje, og kjem fram til eit tenestetilbod i samarbeid med deg og dine pårørande. Me er med på å skapa tryggleik gjennom kompetanse, kontinuitet og fleksibilitet. Hå kommune ynskjer å levera tenester av god kvalitet til deg med behov for lindrande behandling og omsorg, i alle fasar av sjukdommen og inn mot slutten på livet. Målet er å legga til rette for å kunna leva og døy heime, om det er det ein vil. Kontaktinformasjon: Sjukepleiar Grete Waldeland Telefon: 41532720 Send e-post Kva kan lindring i Hå hjelpa med? Kartlegga dine/dykkar ynskje og behov Støttesamtalar til pasient og pårørande Gje råd om symptomlindring Gje råd om ernæring og kosthald Avklara kor du kan ringa til ei kvar tid, dersom du har behov for hjelp Finna og informera om kva rettar du/de har Koordinera dei tenestane du/de har behov for Bidra til å oppretthalda kontakt med fastlege, sjukehus og eventuelt andre Praktisk hjelp, stell og pleie etter behov Korleis får eg kontakt med lindring i Hå? Du kan sjølv ringe kontaktnummeret, pårørande kan ringe, eller du kan få fastlegen din til å formidla kontakt. Kva er lindrande senger på sjukeheimen? Det er 2 rom som er spesielt tilrettelagde for deg med livstruande sjukdom, og dine pårørande. Lindring i Hå samarbeidar tett med avdelinga på sjukeheimen der desse sengene er. Avdelinga har kvalifisert personal med mykje erfaring. Sengene vert nytta når du har behov for symptomlindring, avlastning, behandling og inn mot slutten på livet. Kva hjelp kan ein få dersom ein ynskjer å dø heime? Pårørande kan få stønad slik at ein kan vera heime med den døyande i inntil 60 dagar (pleiepengar). Hjelp til medisinske spørsmål, stell og pleie kan du få av lindring i Hå og/eller personal i heimesjukepleien. Du kan låna praktiske hjelpemiddel som seng, personløftar, dostol og liknande, av kommunen. Tilsette i lindring i Hå kan også avlasta pårørande i periodar gjennom å vera i heimen over tid. Sist endra 02.02.2023 08.13