Viktig melding

Lukk meldinga

Barne- og ungdomsløftet - tverrfagleg organisering

Illustrasjon av organisering av SLT-modell per februar 2021 - Klikk for stort bilete

 

Kva gjer me på individnivå?

På individnivå er ressursgruppene i barnehagar og skular den viktigaste arenaen for tverrfagleg samarbeid. Her kan alle som er i kontakt med barn og unge ta opp saker til diskusjon. Sjå rettleiaren for det tverrfaglege samarbeidet.

 

OSG (Operativ SLT-gruppe) er eit fast samarbeidsfora der ein drøfter ungdomsmiljø og enkeltungdommar som ein er uroleg for, med mål om å hindra at unge utviklar ein kriminell livsstil. Målgruppa er ungdom i alderen 13 til 23 år.

Kva gjer me på tenestenivå?

På tenestenivå er den tverrfaglege koordineringsgruppa (SLT). Her sit leiarar frå dei ulike tenestene som rettar seg mot barn og unge. Gruppa drøfter og avgjer saker på tenestenivå, eller kan lyfta problemstillingar vidare til den tverrfaglege styringsgruppa (SLT) og politiråd.

 

Gruppa har møte annankvar månad, og alle medlemmane kan melda opp saker. Dei som deltek i koordineringsgruppa er skulesjef, barnehagesjef, leiar barnevernstenesta, fritidsleiar, leiar psykisk helse og rusvern, leiar helsestasjon og skulehelsetenesta, Allemed-koordinator, leiar PPT, politikontakt, kommuneoverlegen, folkehelsekoordinatoren  og SLT-koordinator. Andre vert kalla inn ved behov.

 

Gruppa fungerer også som kommunen sitt folkehelseforum.

Kva gjer me på kommunenivå?

I den tverrfaglege styringsgruppa (SLT) og politiråd sit ordførar, som er møteleiar, kommunedirektør, politikontakt, kommunalsjef helse og sosial, kommunalsjef opplæring og kultur og SLT-koordinator som er sekretær.

 

Gruppa har tre-fire møte per år.