Korleis samarbeider Vinkelbygget med pårørande?
Vinkelbygget arbeider for å inkludera, involvera og støtta pårørande og meiner det har ei positiv betyding for behandlingstilbodet. Me tenkjer det er avgjerande å verta møtt med forståing, anerkjenning, tilstrekkeleg informasjon og forutsigbarheit.
«Pårørende som kjenner pasienten og lever tett på ham eller henne er en viktig ressurs for å gjøre behandlingen så god og målrettet som mulig. Det er ikke bare til det beste for pasienten. Det er også til det beste for de pårørende».
Helse- og omsorgsminister Bent Høie, 2015
Pårørandesenter i Stavanger
Dette er ein landsdekkjande nettstad for alle typer pårørande uansett livssituasjon, alder eller kor nær ein står den ein er pårørande for. Her fins interessant fagstoff, gode tips og råd, informasjon om rettigheiter og hjelpetilbod over heile landet. Du kan og lesa om andre pårørande sine erfaringar i kategorien Min historie.
Sjølve senteret ligg i Stavanger, dei tilbyr pårørandeveiledning, kurs og undervisning til både pårørande og fagfolk. Meir informasjon om tilbodet finner du på PårørendeStavanger.no.