Bilete

Tunet brukarstyrt senter

Tunet brukarstyrt senter ved Klokkartunet vert styrd av brukarane. Det er ope både på dag- og kveldstid.

Om du vil delta på Tunet kan du møta opp eller ringa for å lage ein avtale.

Tunet er ein stad for alle i Hå kommune som treng ein stad å vera saman med andre. Her er eit positivt og inkluderande miljø.

På senteret driv me "Monikas" kafé, og serverer blant anna rimelege middagar. Kafeen er open 6 dagar i veka.

Me har ope utanfor opningstidene når nokon av brukarane ynskjer det og tek ansvar for tilbodet.

Senteret disponerer eigen bil, og hentar brukarar kvar morgon, og kjører heim mot slutten av dagen.

Her kan du vera aktiv, eller bare slappe av og kosa deg saman med oss.

Du finn oss også på facebook Tunet brukerstyrt senter i Hå kommune

 

Opningstider

Måndag, torsdag og fredag: 07.30 - 15.00

Tysdag og onsdag: 07.30 - 20.00

Laurdag: 10.30 - 18.00

Kontakt

Kjetil Mørk
Mobil: 415 32 725

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?