Rådgivande eining for russaker

Rådgivande eining for russaker gir råd/rettleiing og helsefagleg oppfølging knytt til ruskontroll og meistring.

Her kan du lesa kva eininga kan hjelpa deg med:

Kva kan eg få hjelp til?
  • Kartlegging av din situasjon
  • Støtte til handtering av rusutfordringar.
  • Meistringssamtalar, motivasjonsarbeid, bevisstgjeringssamtalar.
  • Tilvising til vidare behandling.
Kor kan eg få samtalar?
  • Psykisk helse og rusvern, Klokkartunet Varhaug (dersom du er over 23 år).
  • Familiesenteret på Nærbø (dersom du er under 23 år).
Pris

Tenesta er gratis.
 

Teieplikt

Me har teieplikt, og deler berre informasjon dersom du samtykker til det.
 

Samarbeidspartnarar

Me samarbeider med andre instansar, dersom det er behov for det. For eksempel politi, fastlege og NAV. 
 


 

Kontakt

Anne K Aksnes Lode
Tverrfagl. Spes.Utd.
Telefon: 51436011
Mobil: 99214925
Rita Urstad
Psyk. Sykepleier
Telefon: 41532790
Mobil: 41532790