Heimetenesta - psykisk helse og rusvernSøk tenester Kven har rett på tenester frå psykisk helse og rusvern? Psykisk helse og rusvern har låg terskel for å gje tenester til personar: over 18 år som er i ei vanskeleg fase i livet som har, eller står i fare for å utvikla, ei psykisk liding over 18 år som har, eller som står i fare for å utvikla, eit rusproblem pårørande som treng støtte eller råd Dersom du er under 18 år, og har behov for psykisk helse/rusvern-tenester, kan du ta kontakt med Familiesenteret eller Ungdomsteamet. Korleis søker eg tenester? Du kan ta kontakt med tenesta sjølv, via fastlegen eller ved å søka tenester på søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her på nettsida, eller du kan få det i resepsjonen på Klokkartunet. Me tek kontakt seinast innan 7 dagar etter at me mottek tilvisinga/søknadsskjema. Kva er psykisk helse og kva er psykiske lidingar? Psykisk helse er evna til å fordøya påkjenningar i livet. Psykiske vanskar og lidingar kan utvikla seg når livet vert tungt fordøyeleg. Me kan hjelpa deg å finna ut om det du strevar med ein normal reaksjon på ei uvanleg påkjenning, eller om du treng vidare hjelp frå oss i psykisk helseteneste. Kva kan eg få hjelp til? Kartlegging av hjelpebehov. Mestringsorienterte samtalar. Handtering av medisin. Brukarstyrt aktivitetssenter. Individuell plan og ansvarsgrupper. Støtte til pårørande. Grupper for fysisk aktivitet, turgrupper, deltaking på treningssenter (ved Tunet brukarstyrt senter). Oppfølging av personar som er under behandling, til dømes innan rusvern. Å finna aktivitetar med meining. Å strukturera kvardagen. Å etablera støttekontakt eller treningskontakt. Tilvising til vidare behandling i spesialisthelsetjenesta (rusvern). Boligoppfølgar som kan hjelpa deg med utfordringar knytta til å skaffe og halda på bolig. Ulike kurs: Kurs i belastningsmestring (KIB) (PDF, 20 MB) Undervisningsbasert mestringskurs (PDF, 628 kB) (Om du ønsker hjelp med lettare former for angst, depresjon, søvnvanskar og begynnande rusvanskar) Veiledet selvhjelp (Assistert selvhjelp og Trigga) Om du ønsker å delta, kan du ta direkte kontakt med oss eller med fastlegen din. Kva kostar tenestene? Tenestene frå psykisk helse og rusvern er gratis. Kven arbeider i psykisk helse og rusvern? Me er ei tverrfagleg samansett gruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernpedagog, helsefagarbeidar og sekretær. Fleire tilsette har vidareutdanning i mellom anna psykisk helsearbeid, rusproblematikk, psykose og kognitiv terapi. Korleis arbeider me i psykisk helse og rusvern? Me vil arbeida saman med brukarane for å få ein best mogleg betringsprosess. For å sikra god oppfølging nyttar me tilbakemeldingsvertøyet Feedbackinformerte tjenester (FiT). FIT inneber systematisk tilbakemelding frå brukar. Me endrar og tilpassar tenestene i tråd med desse tilbakemeldingane. FIT set brukar, og deira oppleving av kva som virkar, i sentrum. Dette gir oss saman eit godt utgangspunkt for læring, endring og betring. Me samarbeider ofte med andre delar av hjelpeapparatet, både i og utanfor kommunen. Dei tilsette har teieplikt. Sist endra 21.10.2022 14.59