Karantenekompasset

Slik er karantenereglane for deg

Svar på spørsmåla for å finna ut kva reglar som gjeld i din situasjon.
Er du smitta sjølv, eller er du nærkontakt til nokon som er smitta?

Endre svaret
Er hurtigtesten din positiv?

Dette gjeld innbyggarar i Hå. Bur du i ein annan kommune, sjå relevant informasjon frå din kommune.

  • Du må isolera deg frå andre.
  • Registrer testresultatet ditt på ha.no/hurtigtest.
  • Om du ikkje får registrert testresultatet på nett, må du ringa smittesporingsteamet: 916 93 368 (ope klokka 09.00-17.00).
  • Gi beskjed til dei du har vore i kontakt med 48 timar før du fekk symptom (nærkontaktene dine)
  • Varsla arbeidsplass eller skule/barnehage.
  • Varsla leiar så fort som mogleg viss du er helsepersonell.
  • Desse gruppene bør bestilla PCR-test på c19.no innan 24 timar: Aldersgruppa 0-16 år, dei som treng PCR-test for å få koronasertifikat, samt dei som har spesielle behov for medisinsk behandling.
  • NB! Dersom du har fått tre dosar med covid-19-vaksine, eller to dosar og har vore smitta i løpet av dei siste tre månadane, skal du ikkje ta PCR-test.

Isolasjonstida er 6 dagar frå symptomstart. Har du ikkje symptom må du vera i isolasjon 6 dagar frå testdato. For meir informasjon sjekk FHI sine sider:

Nærkontakt
Kva slags nærkontakt er du?

Endre svaret
Husstandsmedlem eller tilsvarande nære
Har du nyleg hatt covid-19 eller fått oppfriskingsdose (dose 3) av korona-vaksinen?


Endre svaret
Husstandsmedlem eller tilsvarande nære
Har du ein jobb som er definert som samfunnskritisk?

Endre svaret
Husstandsmedlem eller tilsvarande nære, karantene
  • Du er i utgangspunktet i karantene i 10 døgn.
  • Du må ta hurtigtest eller PCR-test så snart som mogleg for å finna ut om du også er smitta.
  • Du kan testa deg ut etter 7 døgn. Om denne testen (hurtigtest eller PCR-test) er negativ, kan du gå ut av karantene.
  • Om du ikkje kan/vil halda avstand til den smitta, må du rekna inn 4 døgn ekstra kor den smitta framleis kan smitta deg. Både vaksne og barn er i karantene i desse 4 døgna, pluss 10 døgn etter det.
Samfunnskritisk personell
  • Du kan gå på jobb, men må ta hurtigtest dagleg i 7 dagar.
  • Du kan gå på jobb ved negativ hurtigtest, så lenge du er fullvaksinert og brukar munnbind.
  • Du har fritidskarantene i 7 døgn.

Lurer du på om dette gjeld deg? Sjå regjeringa si liste over kritiske samfunnsfunksjonar.

NB! Det er ikkje gitt at ein må koma på jobb sjølv om ein er samfunnskritisk personell. Dette må du i så fall avklara med din nærmaste leiar. Om du ikkje skal koma på jobb, har du vanleg karantene.

Oppfriskingsdose
  • Alle som har fått oppfriskingsdose (3. dose) av koronavaksinen for minst éi veke sidan, er unntatt smittekarantene.
  • Er du husstandsmedlem eller tilsvarande nære, må du testa deg dagleg med hurtigtest i sju dagar (eventuelt PCR-test annankvar dag).
  • Om du ikkje kan/vil halda avstand til den smitta, må må du testa deg dagleg med hurtigtest i fire dagar ekstra (totalt elleve dagar).
Gjennomgått covid-19 dei tre siste månadane

Alle som har gjennomgått covid-19 dei tre siste månadane, er unntatt smittekarantene. Dette gjeld frå du er ferdig med isolering og til det har gått tre månader frå du tok den positive testen.

Annan nærkontakt
Har du nyleg hatt covid-19 eller fått oppfriskingsdose (dose 3) av korona-vaksinen?


Endre svaret
Annan nærkontakt
  • Frå og med 14. januar er det ikkje smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmer.
  • Om du er «annan nærkontakt» vert du anbefalt å testa deg (hurtigtest eller PCR-test) 3 og 5 døgn etter nærkontakten.
  • Du bør følga godt med på symptom i 10 døgn.
  • Ved symptom skal du halda deg heime og testa deg.
  • NB! Dersom du er svært tett på ein smitta (til dømes bestevenn, kjærast, har vore på overnatting etc.) bør du vurdera om du kjem inn under karantenereglane for husstandsmedlem eller tilsvarande nære.
Annan nærkontakt
Er du 18 år eller eldre?

Endre svaret
Annan nærkontakt, karantene
  • Du er i utgangspunktet i karantene i 10 døgn.
  • Om du har ein negativ test (hurtigtest eller PCR-test) etter 3 døgn, kan du gå på jobb/skule – men du har karantene på fritida.
  • Om du har ein negativ test (hurtigtest eller PCR-test) etter 7 døgn, kan du gå ut av karantene.
  • Elevar i vidaregåande skule over 18 år skal følga reglane for barn og unge, og må derfor ikkje i karantene når dei er «annan nærkontakt».
Annan nærkontakt, under 18 år
  • Barn/ungdom under 18 år må ikkje i karantene når dei er «annen nærkontakt».
  • Det vert anbefalt å testa seg (hurtigtest eller PCR-test) på dag 3 og 7 etter siste kontakt med den smitta.
  • Du vert anbefalt å unngå fritidsaktivitetar og sosiale samankomstar til du har fått svar på testen tatt på dag 7.
  • Elevar i vidaregåande skule over 18 år skal følga reglane for barn og unge under 18 år.
Tilsette i skule og barnehage
  • Du kan gå på jobb, men må ta hurtigtest etter 3 og 7 døgn.
  • Du har fritidskarantene i 7 døgn.
Samfunnskritisk personell
  • Du kan gå på jobb, men må ta hurtigtest dagleg i 3 dagar og deretter på dag 7.
  • Du kan gå på jobb ved negativ hurtigtest, så lenge du er fullvaksinert.
  • Du har fritidskarantene i 7 døgn.

Lurer du på om dette gjeld deg? Sjå regjeringa si liste over kritiske samfunnsfunksjonar.

NB! Det er ikkje gitt at ein må koma på jobb sjølv om ein er samfunnskritisk personell. Dette må du i så fall avklara med din nærmaste leiar. Om du ikkje skal koma på jobb, har du vanleg karantene.

Oppfriskingsdose

Alle som har fått oppfriskingsdose (3. dose) av koronavaksinen for minst éi veke sidan, er unntatt smittekarantene.

Vel eit av alternativene ovenfor