Kooordinerande eining

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering  i Hå kommune skal bidra til at dei med behov for langvarige og koordinerte tenester over lang tid skal erfara at tenestene er samordna og koordinerte.  Det kan  vera tenester frå kommunal helse og omsorgsteneste og/eller tenester frå psykisk helsevern.

Søknadsskjema

Koordinerande eining skal sikra eit heilskapleg tilbod til personar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering, på kommunalt nivå, i samsvar med den enkelte sitt behov. Koordinerande eining har og eit ansvar for å sikra at personar med langvarige behov for koordinerte tenester opplever ein samanhengande behandlingskjede. Koordinerte tenester betyr at ein person har to eller fleire kommunale helsetenester som  ein treng å koordinera.              

Eininga har eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan, koordinator og ansvarsgrupper. 

I Hå kommune er det representantar frå pleie og omsorg, eining for funksjonshemma, psykisk helse og rusvern, legeteneste, fysioterapi- og ergoterapi tenesta som utgjer koordinerande eining. Andre instansar og samarbeidspartar blir innkalla ved behov.

Koordinerande eining har faste møter.

 

  • Koordinator: Kommunen skal tilby ein koordinator om du har behov for langvarige og koordinerte tenestar. Du har rett på koordinator sjølv om du ikkje ynskjer ein individuell plan.  Koordinatoren i kommunen skal vera ein fast kontaktperson og sikra samordning for alle tenestene du mottar.
  • Ansvarsgruppe: Du  kan søkja om å  få oppretta ei ansvarsgruppa viss du har langvarige og koordinerte tenester. I ansvarsgruppa deltek som regel koordinator, fagpersonar og du sjølv.

  • Individuell plan: Har du behov for langvarige og koordinerte teneste har du rett til individuell plan. Individuell plan skal sikra din innflytelse og medverknad, og det skal leggjast til rette for di deltaking i arbeidet med planen.

 

 

Kontakt

Jørn Kosmo
Leiar
Mobil: 992 14 938
Anne Brit Kristensen
Rådgjevar heimebuande funksjonshemma
Mobil: 992 14 932

Kart