LegevaktaLegevakta er eit tilbod til deg med akutt sjukdom eller skade som ikkje kan vente med behandling til neste dag. Vanlegvis vert hjelpa gitt ved legevakta på Bekkeheien (Adresse: Rimestad 16). Ved behov kan legen koma i sjukebesøk. Når du treng legehjelp skal du: ringa fastlegen din på dagtid ringa legevakta 116 117 når hjelpa ikkje kan vente ringa 113 når det er akutt og står om liv Hvis du er i ein annan kommune og treng å få kontakt med legevakta i Hå, kan du ringa 51 79 35 70. "Slik nyttar du legevakta best" (PDF, 473 kB) er ein brosjyre der du får råd om: Når du bør kontakta legevakta Råd og hjelp på telefon Ventetid på legevakta Betaling og refusjon Publisert03.12.2019 10.00