Du kan sjølv velga legen du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velga ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Det er frivillig å delta i ordninga, og du kan fritt velga ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ei høgare eigenandel.
Viss du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt.
Du har krav på å behalda fastlegen din ved opphald på sjukeheim.
Du kan søka permisjon frå legelista dersom du til dømes er vekke frå kommunen ein periode i samband med studiar eller liknande.