Legekontor VarhaugDet er ynskjeleg at alle brukar MUNNBIND på venterommet. Elektroniske legetenester Bytt fastlege E-konsultasjon til legen E-konsultasjon kan du bruka ved helsetilhøve som legen allereie kjenner til. Det er eigenandel på dette som for vanleg konsultasjon. Ein betalar derfor ikkje for barn under 16 år, og frikortsystemet gjeld. Du får SMS for mobilbetaling dagen etter at legen har svara på e-konsultasjonen. Dersom du betalar innan 12 timar er det ikkje gebyr. Svartid opptil 3 arbeidsdagar dersom legen er fråverande pga. kurs eller vakt. Lengre fråvære som ferie vert handtert av ein kollega. E-kontakt til legekontoret Dette er eit godt alternativ til å ringa legekontoret. Her kan du for eksempel fornya reseptar og bestilla / avbestilla legetime. På grunn av koronasituasjonen er tenesta om å bestilla/avbestilla legetime ikkje i drift. Ikkje send medisinske spørsmål via e-kontakt. Bruk då heller e-konsultasjon som går rett til legen. E-brev Me kan svara deg elektronisk på undersøkingar og ulike prøver. Du vil då få ein e-post om at du må logga deg inn for å lesa meldinga. Sist endra08.01.2021 13.39