Legekontor Nærbø

E-konsultasjon til legen

E-konsultasjon kan du bruka ved helsetilhøve som legen allereie kjenner til.
Det er eigenandel på dette som for vanleg konsultasjon. Ein betalar derfor ikkje for barn under 16 år, og frikortsystemet gjeld. Du får SMS for mobilbetaling dagen etter at legen har svara på e-konsultasjonen. Dersom du betalar innan 12 timar er det ikkje gebyr.

Svartid opptil 3 arbeidsdagar dersom legen er fråverande pga. kurs eller vakt. Lengre fråvære som f.eks. ferie vert handtert av ein kollega.

E-kontakt til legekontoret

Dette er eit godt alternativ til å ringa legekontoret.
Her kan du for eksempel fornya reseptar og bestilla / avbestilla legetime.

Ikkje send medisinske spørsmål via e-kontakt. Bruk då heller e-konsultasjon som går rett til legen.

E-brev

Me kan senda melding til deg elektronisk om svar på undersøkingar og ulike prøver. Du vil då få ein e-post om at du må logga deg inn for å lesa meldinga.

Primærhelseteam

Nærbø legesenter er med i det nasjonale prosjektet primærhelseteam. Prosjektet varer fram til mars 2023 og inneber:

  • Primærhelseteamtanken er ein integrert del av arbeidet ved legekontoret på Nærbø, og er tenkt å gje eit breiare oppfølgingstilbod for dei med kroniske helseplager.
  • Legekontoret har fått tilsett fleire sjukepleiarar som i større grad deltek i pasienthandteringa i lag med fastlege og andre tilsette.
  • Legekontoret arbeidar som eit team der dei ulike yrkesgruppene ivaretek ulike deler av behandlinga.
  • Fastlegen har det overordna ansvaret og er leiar for teamet rundt den enkelte pasient.

Opningstider

Måndag - torsdag kl. 08.00 - 15.00
Fredag kl. 09.30 - 15.00

Telefontid: Det er ikkje fast telefontid. Ved korte spørsmål, og ved avklaring om konsultasjon, kan ein ringa å be om at legen ringer opp att.

Kontakt

Legekontor Nærbø
Telefon: 51 79 98 00

Kartpunkt