Korttidsutlån av hjelpemiddel
Me har eit hovudlager på Hå sjukeheim på Nærbø. Her kan du låna desse hjelpemidla:
Rullestolar |
Toalettforhøyer |
Rullator |
Søsterhjelp |
Dusjkrakk |
Arbeidsstol |
Gripestang |
Løftestol |
Dusj- og toalettstol |
Preikestol |
|
|
Me har og lokale lager ved heimetenesta.
Andre hjelpemiddel til utlån:
Senger |
Me har eige lager for utlån |
Terskeleliminator |
Vaktmeister hjelper til med montering |
|
|
Har du behov for å låne hjelpemiddel, kontakt Servicetorget på rådhuset, tlf. 51 79 30 00
Brukaren har sjølv ansvar for at hjelpemidla vert levert tilbake.
Elektrisk rullestol og sykkel kan du ikkje låna på korttidsutlån. Her må du søka til NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland.
Har du varige behov for hjelpemiddel (meir enn to år):
Sender du søknad til NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland. Treng du hjelp kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta:
Søknad til ergoterapi (PDF, 45 kB)
Send skjemaet til: Hå kommune, Ergoterapiavdelinga, Lyngvegen 14, 4365 Nærbø. Hugs å
- signera skjemaet (samtykkeerklæring)
- fylla ut namn på instans/kontaktperson (om du er ein annan enn søkaren)
Desse hjelpemidla (m.a.) kan du verken låna eller søka om:
- Håndtak (i dusjen, i trappen inne/ute), rekkverk, forhøgingsklossar