Kva er målet med ergoterapien?
Målet med ergoterapi er å hjelpa deg til å verta meir sjølvstendig i ditt eige liv og klara så mykje som mogleg sjølv.
Kva gjer ergoterapeutane?
Ergoterapeutane kan hjelpa deg med å:
-
kartlegga funksjonar
-
tilpassa aktivitetar
-
formidla tekniske hjelpemiddel
-
legge til rette i heimen, barnehagen, på skulen eller på arbeidsplassen
-
fremma helse
-
førebygga skade
-
råd og rettleiing
-
trening
Kven kan få hjelp av ergoterapeutane?
Personar som strevar med, eller som kan koma til å streva med, daglege aktivitetar. Ofte er det alder, funksjonshemming, sjukdom eller skade som gjev desse vanskane
Korleis kan eg få time hjå ergoterapeut?
For å få time må du henvenda deg til ergoterapeuten, eller senda henvisningsskjema i posten. Ikkje send sensitive opplysningar pr. epost.
Skjema finn du her: henvisning til ergoterapi (PDF, 44 kB)
Vil du ha kontakt med likemann for høyreapparatbrukarar?
- 1. måndag i månaden klokka 10.00 - 12.00
- 3. tysdag i månaden klokka 10.00 - 12.00
er det likemann tilgjengeleg for høyreapparatbrukarar i kjellaren i det gamle kommunehuset, Jadarvegen 5, Nærbø.
Kvar onsdag klokka 15.00 - 20.00 kan du og treffa likemann på Snadder gatekjøkken på Nærbø.
Kva gjer syn- og hørselskontakten?
Syn- og hørselskontakten:
-
kartlegg behova dine.
-
gjev råd og rettleiing.
-
hjelp deg å søka om hjelpemiddel ved behov.
Kven kan få hjelp av syn- og hørselskontakten?
Du kan få hjelp av syn- og hørselskontakten dersom du:
-
har problem med å høyra dørklokka, telefon, det som vert sagt i samtalar, brannvarslar og liknande.
-
har vanskar med å lesa, skriva eller anna nærarbeid.
-
har vanskar med å orientera deg ute/inne på grunn av svekka syn.
Korleis kan eg få time hjå syn- og hørsel kontakten?