Tilrettelagt fritid

Fredag 21. april 2017: 
 
Friluftsdag for dagsentra og vidaregåande skular.
Vitengarden, Jærmuseet

Påmelding og nærare informasjon – sjå vedlegg

Informasjon (PDF, 341 kB)   Påmeldingsskjema (DOC, 50 kB)

Aktivitetstilbod til Håbuar med nedsett funksjonsevne

A-LAGET   
5. – 8. klassetrinn, onsdagar kl. 14.30.


VENNEGRUPPA
Ungdom frå 9. klasse, torsdagar kl. 14.30.
- Jenter og gutar som treng tilrettelagt aktivitet i små grupper grunna nedsett funksjonsevne eller sosiale behov, kan søkje plass. Deltakaravgift for hausten: 300,-.
Søk til Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø.
Fleire opplysningar:  Kontakt Per Henry Runde eller Inger E. Aniksdal.
Søknadsskjema (PDF, 288 kB) til A-laget og vennegruppa.

KULTURKAFE
Kulturkafe for vaksne på Hå kulturtorg, Nærbø kvar torsdag og ein måndag kvar månad, kl. 18.30.   


UNIKT TEATER
Interkommunal teaterverkstad på Klepp  for unge og vaksne med utviklingshemming.
Gruppa vert driven i samarbeid mellom Time, Gjesdal, Klepp og Hå.

KULTURSKULEN 
kulturskulen gis det tilbod om musikkterapi og tilrettelagt undervisning, mellom anna i musikk og visuelle kunstfag.

ANDRE TILBOD
Bowling, sommaraktivitetar og temakveldar for foreldre og støttekontaktar finst óg

FØLGJEKORT
Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng følgje for å delta på kulturaktivitetar, kan du søkje om følgjekort / ledsagerbevis, søknadsskjema (PDF, 429 kB).
Søknadsskjema får du hjå Hå kulturtorg, på helsesentra eller i Servicetorget på rådhuset.
Kontakt Per Henry Runde, Hå kulturtorg.

FAMILIEBADING
Måndag kl. 17.00 i Stampen varmtvassbasseng,  Hå helsesenter, Nærbø.

UNGDOMSKLUBB
For alle frå 8. klasse. 
Loen, Nærbø – onsdag kl. 17.00 - 21.00.
Lennsmannsløå, Varhaug – tysdag kl. 14.30 – 21.00.

LAG OG ORGANISASJONAR
gir mange tilbod til barn og unge.
Hå kulturtorg tilbyr oppfølging til deg som vil delta i t.d. idrettslag, ungdomslag, 4H, speidar, korps mm. 

TILSKOT
Organisasjonar som har rett til tilskot kan søke støtte til meirutgifter  til inkludering på nærare vilkår. Lenkje til opplysningar om tilskotsordninga.

KONTAKT OSS
Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 51 79 35 30
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no

Sist endra 16.03.2017

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?