Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kva må til for å få parkeringsløyve?

Du må ha både:

  • vesentleg nedsett forflyttingsevne, og
  • eit særleg behov for parkeringslette, på ein eller fleire konkrete stader.

 

Parkeringsløyve er ikkje:

  • ei økonomisk støtteordning
  • eit hjelpemiddel for deg som har problem med å bera.

 

Kva må du ha med i søknaden din?

  • Her må du visa at du har eit særleg behov for parkeringslette. Svar på kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære p-plassane.
  • Fyll nøye ut kva stader du opplever vanskeleg å bruka ordinære p-plassar, og kor ofte du bruker dei.
  • Skriv kor mange meter du klarer å gå utan hjelpemiddel.
  • Legg ved passfoto av deg sjølv.
  • Kopi av begge sider av førarkort, viss du søker som førar av bil.

 

Søker du som passasjer?

Me kan gi parkeringsløyve når passasjeren ikkje kan vera åleine, medan bilføraren flyttar bilen. Forflyttingshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til framkomststaden og følgjast inn. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløyve for å gjera dette.

 

Send søknad med vedlegg til:

Hå kommune, Servicetorget, Postboks 24, 4368 Varhaug

Merk at det er servicetorget i rådhuset som skal motta søknadane, ikkje helseadministrasjonen på Nærbø.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?