Kva hjelp kan ein få dersom ein ynskjer å dø heime?
Pårørande kan få stønad slik at ein kan vera heime med den døyande i inntil 60 dagar (pleiepengar).
Hjelp til medisinske spørsmål, stell og pleie kan du få av lindring i Hå og/eller personal i heimesjukepleien.
Du kan låna praktiske hjelpemiddel som seng, personløftar, dostol og liknande, av kommunen.
Tilsette i lindring i Hå kan også avlasta pårørande i periodar gjennom å vera i heimen over tid.