Bilete

Lindrande omsorg

Lindrande Omsorg er eit tilbod til deg som er alvorleg og uhelbredeleg sjuk, og dine pårørande. 

Me er 3 sjukepleiarar som arbeider for å støtta og hjelpe i ein vanskeleg livssituasjon. Lindrande omsorg er i staden for, eller som eit supplement til heimesjukepleie. Me kartlegga dine behov og ynskje, og kjem fram til eit tenestetilbod i samarbeid med deg og dine pårørande. Me er med på å skapa tryggleik gjennom kompetanse, kontinuitet og fleksibilitet. 

Hå kommune ynskjer å levera tenester av god kvalitet til deg med behov for lindrande behandling og omsorg, i alle fasar av sjukdommen og inn mot slutten på livet. Målet er å legga til rette for å kunna leva og døy heime, om det er det ein vil.

Sist endra 09.01.2017

Kontakt

Eli Høyland
Telefon: 415 32 726
Fann du det du leita etter?