Tekniske hjelpemiddel – kva er det og kven kan få det?
Tekniske hjelpemiddel har til hensikt å betra funksjonsevna hjå brukar, og lette pleia av sjuke og funksjonshemma. I utgangspunktet kan alle få låna hjelpemiddel om du har behov for det.
Ved midlertidig behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låna dette av kommunen. Kommunalt lager har dei vanlegaste hjelpemidla til forflytting og primære behov. Eksempel er toalettforhøyar, dusj/toalett - stol, manuelle rullestolar, krykker og rullatorar.
Er behovet for hjelpemiddel permanent, må du søka til NAV og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen.
Når det gjeld hjelpemiddel for syn og hørsel, må du søka dette via augelege og hørselsentralen til NAV/trygd.