Når ein person får konstantert ein demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet. Det kan oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for dei demenssjuke og deira pårørande.
Å væra pårørande er svært krevjande, derfor er det viktig med auka kunnskap om dei ulike temaa som står i programmet. Det vil vera personar som har erfaring i det å rettleia pårørande.
- Stad: Gjesdal kommune
- Adresse: Veveriet, Rettedalen 4, 4340 Ålgård.
- Arrangør: Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune i samarbeid med Jæren demensforening.
Program
Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:30-20:00.
- Måndag 20. februar 2023 - Demenssjukdommar.
- Måndag 06. mars 2023 - Kommunikasjon og samhandling.
- Måndag 13. mars 2023 - Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemiddel som støttar personar med demens.
- Måndag 20. mars 2023 - Framtidsfullmakt og verjemål.
- Torsdag 30. mars 2023 - Pårøranderolla.
Kvar kveld vert innleia med ei forelesning og vert avslutta med samtalar i faste grupper.
Hå kommune har fått tildelt 9 plassar på pårørandeskulen.
Pris er 300 kroner per person, og 100 kroner per person for medlemmar i Jæren demensforening. (For å verta medlem, send e-post til: jaeren.demensforening@gmail.com)
Kaffe/te og enkel bevertning.
Påmelding innan 30. januar 2023
For påmelding, spørsmål eller ønske om meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator Anne Dagny Versland, telefonnummer 482 75 047.