KULTURTILBOD 55+STÅVÅ, program vinteren 2022 Seniorkafé i Hå kulturtorg. Fredag kl. 13.00 Torlandsvegen 14, Nærbø Inngang med enkel servering kr 100,- 28. januar QUIZ 4. februar DET STORE TEATERSLAGET I KRISTIANIA Foredrag av Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret. Det gjekk heitt føre seg då Hulda Garborg opna Det norske teatret i oktober 1913. I opningsveka møtte 15000 menneske opp for å protestera mot eit nynorskteater i hovudstaden, og inne i teateret var det blodig slåstkamp mellom gymnasiastar og målfolk. 46 menneske blei arrestert og Oslo sentrum blokkert av dei voldsomme folkemassane. Teaterslaget er blitt kalla "det største opprøret i Noreg i fredstid". Johansen prøver å forklara kvifor teateret var så kontroversielt og ser på korleis det gjekk føre seg. Me får høyra om "nynorskspionen", bondeungdommane sine mottrekk og korleis det kom noko godt ut av bråket. Teikning: Aftenposten. 18. februar TALKSHOW Fredagstreffet Ståvå inviterer til talkshow om naudetatane i Hå med legendariske gjestar: Oddvar Tengesdal (tidlegare lensmann / politi), Per Ivar Aniksdal (brannsjef) og Leif Magne Enåsen (frå mange år i ambulanse) Desse karane har opplevd mykje, så her blir det god stemning med mange gode «røvarhistorier» og samtalar. Svein F. Hestvaag styrer drøset. 25. februar «Hvor ble det av alt sammen?» Alt jødane åtte blei teke frå dei før deportasjon. Kva skjedde med eigedelane deira under og etter 2.verdskrig? Berre 35 jødar kom tilbake til Norge då krigen var slutt. Blei dei møtte med respekt etter det dei hadde opplevd? Gerda Sviland har arbeidd som reiseleiar i Hvite Busser i mange år. Ho har besøkt konsentrasjonsleirane i Tyskland og Polen fleire gongar i året, saman med skuleelevar frå heile landet. Ho er sertifisert som guide i Sachsenhausen i Tyskland, og kjenner leirane godt. Ho kjem til Ståvå for å fortelje. 11. mars TRÆ’E den vakre historiske plassen i Time Film av Leiv Tafjord. Film om husmannsplassen Træ’e på Line. Her får du historia om husmannsplassen og informasjon om vedlikehald, drift og historieformidling av træe i dag. 18. mars KONSERT OG BINGO Inger Elisabeth Dåsvand har eit musikalsk program med lånte og eigne songar. Det vert og bingo med inntekt til krigsramma i Ukraina. 25. mars SYNG DEG GLAD Med TO TYNNE OG EIN RUNDE Ragnvald Wernøe, Lars Ole Bergersen og Per Henry Runde 1. april HEIL KRIMINELT Boka Heilt kriminelt gir eit innblikk i det som har føregått i kriminelle miljø i Stavanger regionen dei siste 40 åra. Rolf Guttorm Engbretsen, les opp eit par - tre av historiane frå boka. Musikalsk innslag 22. april KONSERT Med Jofrid Mosland og Ragnvald Wernøe. 29. april "Et liv med blomster" Dikt og Tankespinn med Hilde Dæhlen Aniksdal. ANDRE TILBOD Hå Frivilligsentral har eit variert tilbod for eldre i kommunen. Publisert 24.01.2020 11.15